tirsdag 2. juni 2015

Barnerom på lågbudsjett

Då storebror skulle få eige rom kosa både mor og far i huset seg med å innreie det. Førstnemnde kosa seg også med å male om møblar og lage diverse dekor til rommet. Dei siste månadene har rommet til minsteguten stått for tur.

For oss har det ikkje vore viktig at alt skal vere nytt og moderne på barneromma. Me har brukt ein heil del møblar og anna interiør me hadde frå før og som me ikkje hadde plass til andre stader i huset. Rommet til minsteguten er difor ikkje blitt nokon dyr affære. Her følgjer ein stemningsrapport frå minsteguten sitt rom, og til slutt nokre bileter av gjenstandar "før og no":


- Velkomen -




***




***




***


- "Før og no" -



For mange år sidan var denne furukommoden trekvit. Då eg flytta i mi første leilighet mala eg den kvit og kjøpte nye handtak til. For å gjere den endå litt meir barnleg bytta me ut knottane i stål og svart med nokre meir fargerike variantar kjøpt på Ikea for ein del år sidan. Meir skulle det ikkje til, synest eg, før kommoden vart litt freshare.

Lampen oppå kommoden fekk seg også ei enkel fornying. Eit lyseblått satengband med teddybjørnar blei limt rundt nedre kanten på lampeskjermen:


***





Hushyllene over kommoden er ein av dei få tinga med har kjøpt nytt til barnerommet. Dei var eigentleg einsfarga inni, men med litt fint papir med forskjellige mønstre, blei også desse hyllene litt meir leikne og barnlege:

Gyngestolen frå Ikea, taklampa frå TGR og kunsten av den argentinskfødte kunstnaren Nito Vega, som heng over senga, er også nyinnkjøpt. Ellers er det meste, med unntak av enkelte leiker og liknande, ting me har hatt frå før av eller laga sjølve. Poenget mitt med dette blogginnlegget er vel at ein kan få det det triveleg rundt seg sjølv om det ein omgir seg med ikkje har kosta skjorta, eller noko slik... ;-)

Eg må tilslutt få nevne at det nydelege, kvite hjarte som heng på sprinkelsenga ikkje er mitt verk, men sydd av ein tidlegare kollega av meg. Slike barselgåver, som nokon har lagt sjela si i å lage, må eg innrømme er ekstra kjekke å motta...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar