onsdag 20. juli 2016

Apestrekar

Me har nettopp feira toårsdag her i huset, og i den forbindelse sydde eg ein såkalla "Krokape" i gåve til vesleguten. Det viste seg å være ei ganske tidkrevande oppgåve. Å vrenge og stappe dei lange og krokete armane og beina tok tid. Eg brukte dessutan eit grovare stoff til hender og føter, noko som gjorde det endå vanskelegare å vrenge delane då dei var ferdig sydde. Men, resultatet er eg godt nøgd med; ein morosam og dekorativ apekatt som kan henge over det meste ;-)





***






***



Ideen til dette morosame apekosedyret fann eg i den fine boka "Sy til barn", av Tone Finnanger. Her er det mange inspirerande oppskrifter til ting ein kan lage til barn, med hovudvekt på saum. Eg valgte å gjere litt om på armane og beina på apekatten ved å kombinere to forskjellige stoff, slik at det ser ut som han går med t-skjorte og kortbukse/korterma drakt. Han har også fått knappar og sløyfe i halsen.

tirsdag 5. juli 2016

Tipi

Siste syprosjekt har vore å sy ein tipi som go'gutane kan kose seg i anten ute eller inne. Mønsteret til denne tipien låg gratis på Ikea, og det kraftige lerretstøyet kjem også der i frå, vel og merke ikkje gratis ;-). Fire rundstokkar held tipien oppe. No håpar både go'gutane og eg på mykje deilig sommarvér frametter, slik at tipien kan bli flittig brukt ute.


 - Tipien i hagen -






- Tipien sett innan i frå og ut -



- Tipien innandørs -





- Pute som matchar -






- Er nok ikkje laga for vaksne ;-) -




Knappane til puta har eg trekt om med stoff som eg synes står i ein fin kontrast til sjølve puta. Skrifta "Sommer" har eg overført til stoffet før eg trakk om knappane, ved hjelp av ein overføringsteknikk der ein bruker "Rammelim". Dette har eg skrive om i tidlegare innlegg. Om nokon skulle vere interesserte, så ligg det ein fin framgangsmåte på denne teknikken her: www.unghusflid.no/filer/Ung_Husflid_e-bok.pdf





søndag 5. juni 2016

Ny sommarkjole

Eg likar godt mønster med små blomar på, det gir meg den rette sommarkjensla. Så, då eg kom over det mørkeblå stoffet i herleg jerseystretch med masse små blomar på, visste eg med ein gong at det måtte bli ein sommarkjole til meg sjølv ut av det. Både stoff og kjolemønster er kjøpt på Stoff & Stil.


- Resultat -






- Kjolen i bruk -




Stoffet har ein herleg, lett kvalitet, og vil bli mykje brukt av underteikna i sommar. Måtte berre det flotte sommarveret me har no vare, leeenge!

søndag 29. mai 2016

Nye sommarantrekk til go'gutane mine

Storebror og vesle broremann har fått seg nye sommarantrekk. Både buksa og t-skjorta er sydd ut i frå mønster kjøpt på Stoff & Stil, men buksa har eg gjort ein del om på, blant anna i linninga og ved å sy på lommar. Det er strikk både i linning og i beina, og t-skjorta er sydd i herleg jersey stretch. Antrekket er med andre ord behageleg å ha på og ikkje minst å leike i.


- Go'gutane i nye antrekk -


 ***






- Utsnitt bak -





- Utsnitt foran -


søndag 31. januar 2016

Kattar til fastelavn

På "Søstrene Grene" sine Facebooksider er det lagt ut ein diy-video av korleis ein kan lage fastelavnskattar. Inspirert av denne, fekk storebror i huset lage sine eigne versjonar i dag. Eg teikna opp to malar og overførte til svart kartong, som eg så klipte ut.  Deretter fekk storebror på 4,5 år slå seg laus heilt på eiga hand med dekoreringa. Eg må seie at resultatet blei veldig bra:




***


No vil eg lage mine eigne kattar også ;-)

onsdag 27. januar 2016

Vesker/handlenett

Etter å ha måtte avlyse standen min på julemessa i Saudahallen i 2015, sit eg att med ein del  praktiske vesker/handlenett. Dei er sydde i kraftig bomullsstoff og har kraftige hankar i ripsband, slik at dei bør tole ein del tyngde. Veskene er også fóra, og inneheld ein innerlomme samt ein ytterlomme. Knappane, som eg har trekt i stoff som går igjen i dei forskjellige ytterlommane, er prikken over i-en på desse veskene, samstundes som dei har ein praktisk funksjon.


 - "Flower power" -




***



- "Patina" -





- "Eple" -









søndag 3. januar 2016

Juleforberedingar 3 - I januar!

Sjølv om vi no er komne til januar 2016, vil eg no legge ut nokre bileter av fleire produkt som var tenkt skulle seljast på julemessa i Saudahallen før jul i 2015.



- Pepparkakehus i papp og papir -







- Pepparkakehus i filt -





***